Sunnfjord Betong A/S vart etablert oktober 1989 og var ei vidareføring av tidlegare FF-Betong A/S som utførte betongproduksjon med mobile blandeverk på heile Vestlandet. Dette selskapet vart etablert i 1987. Etter første periode med produksjon av betong i sandtak på Bruland, vart eit område på Hornnes kjøpt frå Esso Norge. Nytt produksjonsanlegg vart bygd på dette området og sto klart for produksjon i april 1997.
 

Sunnfjord Betong vart fusjonert saman med Ferdigbetong A/S i 2001 som i 1967 vart grunnlagt av brødrene Hjelmeland.

I 2003 kjøpte Sunnfjord Betong A/S samtlege aksjar i Fjord Betong A/S i Florø. Dette selskapet vart då fusjonert saman med Sunnfjord Betong A/S.

Sunnfjord Betong byggjer vidare på erfaring og kompetanse frå alle desse selskapa, frå over 35 år tilbake i tid.

I 2011 kjøpte Sunnfjord Betong A/S samtlege aksjar i Totland sementvarefabrikk på Nordfjordeid, og grunla deretter Nordfjord Betong A/S og bygde ny betongfabrikk på Løkjaneset på Nordfjordeid.


I 2014 flytta Sunnfjord Betong A/S inn i nytt og utvida fabrikklokale på Hornnes. Dette er eit moderne anlegg som i dag har to produksjonslinjer som har ein samla produksjonskapasitet på 70m3 i timen.




 

FAKTA:

Sunnfjord Betong A/S

15 tilsette


4 stk Pumix pumpebiler


9 stk Betongbiler


3 stk Teleskoprenne


2 stk Tippbil