


Sunnfjord Betong A/S
vart etablert oktober 1989 og var ei vidareføring av tidlegare FF-Betong A/S som utførte betongproduksjon med mobile blandeverk på heile Vestlandet. Dette selskapet vart etablert i 1987. Etter første periode med produksjon av betong i sandtak på Bruland, vart eit område på Hornnes kjøpt frå Esso Norge. Nytt produksjonsanlegg vart bygd på dette området og sto klart for produksjon i april 1997.
Sunnfjord Betong vart fusjonert saman med Ferdigbetong A/S i 2001 som i 1967 vart grunnlagt av brødrene Hjelmeland.
I 2003 kjøpte Sunnfjord Betong A/S samtlege aksjar i Fjord Betong A/S i Florø. Dette selskapet vart då fusjonert saman med Sunnfjord Betong A/S.
Sunnfjord Betong byggjer vidare på erfaring og kompetanse frå alle desse selskapa, frå over 35 år tilbake i tid.
I 2011 kjøpte Sunnfjord Betong A/S samtlege aksjar i Totland sementvarefabrikk på Nordfjordeid, og grunla deretter Nordfjord Betong A/S og bygde ny betongfabrikk på Løkjaneset på Nordfjordeid.
I 2014 flytta Sunnfjord Betong A/S inn i nytt og utvida fabrikklokale på Hornnes. Dette er eit moderne anlegg som i dag har to produksjonslinjer som har ein samla produksjonskapasitet på 70m3 i timen.





FAKTA:
Sunnfjord Betong A/S
15 tilsette
4 stk Pumix pumpebiler
11 stk Betongbiler
3 stk Teleskoprenne
1 stk Tippbil